Dei gamle skihyttene blir seld
Ekstraordinært årsmøte i SIL Hovedlaget
Sal av dei gamle skihyttene til idrettslaga Framtid og Bjørn er to av sakene på ekstraordinært årsmøte i SIL, Hovedlaget, måndag 16. oktober kl 19.00 på Syltøran Klubbhus
Vi oppfordrar til å møte opp!
Som det går fram av saklista nedanfor skal også ei lovendring handsamast. Som ei følgje av årsmøtevedtaket frå i vår om å legge barneidretten inn under trimgruppa, ønskjer styret i hovedlaget å utvide Arbeidsutvalet i SIL med ein person: Barneidrettskoordinator.
Sakliste:
- Åpning og konstituering
- Godkjenning av sakliste
- Lovendring - oppfølging av vedtak om organisasjonsendring
- Bidrag til oppjustering av innkjøring til Syltøran
- Sal av Bjørnheia
- Sal av "Skihytta sør"