Kampen starta i eit forrykande tempo. Etter 17 sekund stod det 1- 0 til heimelaget etter scoring av Berit Bolme. 6 minutt seinare leda bortelaget 2 – 1. Etter dette tok Surnadal over, og vi noterte 4 store Surnadalssjansar, medan Eide var farleg igjennom ein gong, før Gry Norshusstuen utlikna på frispark i det 34. minutt.
Like etter small det i tverrliggaren over Eide keeperen etter ein susar frå Malin Livoll Schei.
Surnadal kom til fleire sjansar mot slutten av 1. omgang, men det var Eide/Omegn som gjekk opp til 3 – 2 like før pause.
Heimelaget gjekk ut i stort tempo i 2. omgang og hadde 4- 5 store sjansar dei første 6 minutta.
Etter 58 minutt utlikna Berit Bolme. 10 minutt seinare førte Malin Livoll Schei heimelaget opp i ledelsen. Surnadal pressa høgt resten av omgangen og kom til mange sjansar mot eit Eide-lag som fekk det tungt.
5 – 3 kom ved Berit Bolme etter 87 minutt, medan Sara Fiske Nes fastsette sluttresultatet til
6 – 3 like før dommaren bles av kampen.
Ein fortent heimeseier som kunne vore mykje større etter spel og sjansar.
3-målsscorar Berit Bolme vart kåra til dagens Sil-spelar.
Kristen Halle
Lagledar Surnadal D3
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |